Sesongavslutning

Postet av Ål IL - Langrenn den 2. Apr 2018

Tysdag 3. april:
Me avsluttar den flotte sesongen på Liatoppen med eit uhøgtidleg klubbrenn.
Fristil. Fellesstart.

BLI MED!

Distansar:
7 år (1. klasse) og yngre:                   500 m.  1 runde              
8 – 9 år (2. - 3. klasse):                 2 x 500 m. 2 rundar
10 – 11 år (4. – 5. klasse):            3 x 500 m. 3 rundar                           
12 – 13 år (6. – 7. klasse):            4 x 500 m. 4 rundar             
14 år (8. klasse og eldre):            6 x 500 m. 6 rundar
Premie til alle.
Gratis vaffel,  saft og kaffe etterpå.
Høve til å prøve klubbdress.
Pris: 50,- per løpar.  Betal kontant (flott om du har akkurat).  
Påmelding på Liatoppen stadion mellom kl. 17.15 og 17.45.
Start kl. 18.00.

VELKOMEN!
Helsing styret i Ål il langrenn


0 Kommentar

Bergsjørennet 2018

Postet av Ål IL - Langrenn den 18. Mar 2018

Flott deltaking i Bergsjørennet 18. mars 2018. Rennet starta ved Bergsjøstølen og hadde målgang på Liatoppen, totalt 32 km. Løparane gikk den flotte trasèen i strålande sol, og ein del vind. 24 løparar fullførte i konkurranseklassen. 40 andre tok det som ein tur. Nytt av året var ein alternativ start for trimmarar frå Tormodset. Her stilte mange lokale born som har delteke på skileik / skitrening i vinter. Dei kosa seg i finveret i flotte løyper på turen til Liatoppen.Totalt 64 løparar med stort og smått stilte til start i rennet. 
Resultat her



0 Kommentar

Tysdag 20. mars

Postet av Ål IL - Langrenn den 5. Feb 2018

Bli med på skileik på Liatoppen tysdag 20.mars kl 18.00-19.15! Fantastiske fine forhold. Supert om så mange barn som mogeleg har lyst bli med på leik og moro på ski. Skøyting. Saft og vaffel etterpå. Høve til å prøve ny klubbdress. Vel møtt


0 Kommentar

Skiaktivitet på Liatoppen 30. januar

Postet av Ål IL - Langrenn den 1. Jan 2018

Velkomen til skiaktivitet på Liatoppen tysdag kl. 18.00 – 19.15. Klassisk. Leik, køyring i bakke og teknikk. Varm saft etter treninga. Alle føresette møter rundt bålpanna kl 18.00 for eit kort infomøte. Helsing trenarane og styret i langrennsgruppa.


0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline